Opplev Bjørkedalen

Vi vil gjerne at De som gjestar skal få oppleve dei vakre omgjevnadane her på Bjørkedalen .

Laksesafarie,(haustaktivitet):

Gjennom tunet går der ei lita elv.På hausten kjem laksen opp og gyt her.Den er så synlig at vi kan stryke den på ryggen.

Vassveita:

Ein gong stod her ei vasssag på Byrstebøen.No er det kun murane att.Ei vandring langs vassveita  er ei vandring tilbake i tid der vi fortel korleis det fungerte når dei saga material på sag driven av vasskraft.

Stille vandring i holmane på Byrstebøen:

Langt frå folk og larm.Du kan sitte ved ei lita elv  og meditere, spasere ilag med gode vener,nyte stillheita og naturen.

Utsikta frå LivElida på Byrstebøen er vakre sunnmørsfjell der nokre har namn etter norrøne gudar. Eit av fjella heiter ”Felden”. Fjellet vart reikna som eit heilagt fjell fordi der kjem vasskjelde ut nesten heilt på toppen .Der har vore funne hår og negler seiest det, som igjen tyder på ein offerstad. ”Lisjetoren”, av mange rekna som det vakraste fjellet i Volda og ”Storetoren”, er begge kalla opp etter den norrøne guden Tor. Desse fjella er to av dei flotte topptur måla som er rundt bygda vår.

Andre opplevingar i  Bjørkedalen:

Tur med vikingskip: www.helset.net eller www.visitalesund-geiranger.com

Museumsbesøk på Øygarden:Hans Peter Eidseflot .Mobilnr:90 85 36 34

Tur til Fladalssetra, ein setrevoll frå  1500-talet. Via LivElida : post@livelida.no