Liv Elida kom frå Offersøya i Nordland, som ligg i Vestbygd på sydspissen av Norges største øy Hinnøya. Då Liv Elida kom til Bjørkedalen ilag med mannen Karl Johan og 3 born, hadde ho heldigvis ikkje lagt att den nordlandske gjestfriheita, til glede for både bygdefolk og alle andre som stadig kom innom båre frå Nordfjord og Sunnmøre. Etter dei flytta til Bjørkedalen, kom sistemann i syskjenflokken til verda.
Karl Johan vaks opp her i Bjørkedalen. Han tok lærarutdanning i Volda. Fleire stader var han lærar, m.a. på Folkehøgskulen i Ørsta og Nordfjordeid. Dei siste åra før han døydde var han rektor ved Folkestad skule. Han var aktiv senterpartipolitikar i Volda i mange år.
I gode stunder tok han fram fela og "fanitullen" var favoritt, spesielt blant borna.
Karl Johan var alltid blid og lo ofte. Han hadde evne til å fange opp gode poeng i situasjonar og gjenfortalde på ein unik måte.
Saman skapte desse to ein oase i heimen sin. Ein god stad der alle var velkomne.
Liv Elida sørga for god mat, varme og lys. Karl Johan underheldt med gode historier.
Vi miste dei altfor tidleg, 67 og 70 år gamle, men vi har gode minner etter dei. For oss har dei på mange måtar vore mentorar.
Med "Måltidet LivElida" prøvar vi å gjenskape noko av den gode stemninga vi opplevde heime hos dei.
Wenche: Dagleg leiar for LivElida.I tillegg jobbar eg for tida ved sjukehuset i Volda. Eg har alltid hatt glede av å invitere å lage fest for vener og familie.Visjonen min er å kunne vere med å bidra til å skape stemning rundt eit måltid som gjer at gjestane får den gode kjensla av den rikdom det er å ha eit nettverk, vere ilag med vener og kollega.
Karl Anders: Har arbeidd som lærar/rektor dei siste 20 åra, og freistar å vidareføre tradisjonen med historieforteljing, både lokalhistorie, og sant - usant. På denne måten gjer vi det vi kan, for at stemninga mellom festdeltakarane skal verte best mogeleg.
Karl Anders er sonen til LivElida og Karl, og vi har vore gifte sidan 1992